Høyanger-bedrifta Compilo er kjøpt opp

GRÜNDER: John Harry Tonheim var hovudaksjonær i Compilo AS.

GRÜNDER: John Harry Tonheim var hovudaksjonær i Compilo AS. Foto:

Svenske Confirma Software er nye eigarar.

DEL

Det melder selskapet sjølv i ei pressemelding måndag.

Selskapet vart etablert i Høyanger i 2004, og er eit programvare- og konsulentselskap som mellom anna leverer spesielt tilpassa elektroniske system for kvalitetstrygging. Kundane er kommunar, helseføretak og privat næringsliv. 230 norske kommunar utgjer størstedelen av kundemassen.

Compilo hadde i mars 11 tilsette, der fem av dei jobba i Høyanger og seks i Oslo. Dagleg leiar i firmaet har vore John Harry Tonheim, som også var gründer, hovudaksjonær og styreleiar. I fjor gjekk Compilo 10 millionar i pluss.

Dei nye eigarane, Confirma Software, har hovudkvarter i Stockholm, og oppkjøpet av Compilo er firmaets fjerde i den nordiske programvare-marknaden.

Oppkjøpet gjer at det svenske firmaet vil ha ein omsetnad på over 18 millionar euro i 2019, og ein arbeidsstokk på 132 tilsette.

Artikkeltags