Allereie i september i fjor nådde verksemda årsgrensa for 2015 for utslepp av kvikksølv til Høyangsfjorden.
Konsekvensen vart at Miljødirektoratet auka korttidsgrensa for kvikksølv til 50 gram i veka, medan langtidsgrensa vart femdobla for 2015, frå 200 gram i året til 1000 gram i året.
No, i november 2016, har Miljødirektoratet på ny gjeve Nyrstar mellombels løyve til å auke utslepp av arsen, bly, kadmium, kopar, krom, sink og kvikksølv til Høyangsfjorden, medan langtidsgrensene for dei same stoffa ikkje er endra.
Farleg avfall
Nyrstar Høyanger driv mellom anna med attvinning av bly- og sinkoksid frå råstoff som er klassifisert som farleg avfall.
Delar av verksemdas reinseanlegg er nybygd eller ombygd, og grunngjevinga for dei fått auka utsleppsgrenser til fjorden i seks månadar for å optimalisere drifta av anlegget.
Med mellombels auka utsleppsgrenser slepp Nyrstar å stanse produksjonen dersom utsleppsgrensene vert brotne.
I ei risikovurdering Nyrstar har fått utarbeidd, kjem det fram utsleppa av bly, kadmium, krom og kvikksølv vil resultere i auke i økotoksikologisk risiko i Høyangsfjorden.
Etter pålegg gjeve av Miljødirektoratet i 2014, fekk Nyrstar gjennomført ei undersøkjing som syner at det er mykje kadmium, arsen og kvikksølv i blåskjel i fjorden.
Men i mai 2016 skreiv Nyrstar at verksemda er usamde i at den dårlege tilstanden for blåskjel i Høyangsfjorden skuldast utslepp av arsen, kadmium og frå Nyrstar. Verksemda grunngjev standpunktet med at utsleppa frå Nyrstar no er plassert på 50 meters djupne.
Trass i at verksemda – som tidlegare heitte Eras Metall – har eit langt synderegister med uløyves utslepp av miljøgifter til Høyangsfjorden, vurderer Miljødirektoratet at denne saka er mindre viktig andsynes konsekvensar for omgjevnadane.
Nyrstars søknad om mellombels løyve til auka utslepp til Høyangsfjorden ar difor ikkje vore ute til ålmenn høyring.