Miljødirektoratet avdekte tre avvik og gav to merknadar etter ein revisjon hjå Nyrstar Høyanger AS 25. – 28. april i år.
Nyrstar har hatt ulovlege og urapporterte utslepp til luft av svoveldioksid (SO2) og hydrogenklorid (HCl), måleprogrammet for utslepp til ytre miljø er mangelfullt, og internkontrollen har manglar.
Ved tre målingar i 2016 var Nyrstars målingar av utslepp av svoveldioksid til luft over grensa på 2,4 kg/per time.
For hydrogenklorid var høgste verdi 0,234 kg/ per time, om lag dobbelt så høgt som kravet på maksimalt 0,12 kg per time.
Nyrstar nyttar aktivt kol for å fjerne kvikksølv. I 2016 og i 2017 har kvikksølvhaldig avfallet blitt deklarert med tre ulike kodar; brukt aktivt kol, kvikksølvhaldig avfall, og kvikksølvhaldig avfall frå bygge- og rivingsarbeid.
I Nyrstars prosedyre for avfallshandtering går det ikkje fram korleis avfallskodar for det farlege avfallet skal fastsettast.
Ytre miljø ikkje tema
Nyrstar skal ein gong i året gjennomføre kontrollar av arbeidet sitt med å nå miljømåla sine. Men i perioden 2015, 2016 og 2017 har omsynet til det ytre miljøet ikkje vore tema på interne revisjonar hjå Nyrstar.
Men i Miljødirektoratets revisjonsrapport kjem det fram at Nyrstar har gjennomført ei risikovurdering – datert 3. april 2017 – knytt til det ytre miljø, etter at Miljødirektotatet 22. februar i år varsla om det ville kome på tilsyn.
Risikovurderinga Nyrstar gjennomførte, er ifølgje Miljødirektoratet mangelfull på fleire vis, mellom anna manglar dokumentasjon på kven som deltok i analysen, det manglar skildring av analysemetode, og det manglar dokumentasjon på kva føresetnadar som ligg til grunn og kva datagrunnlag som har vore nytta.
Eventuelle gjennomførte tiltak som ligg til grunn for vurdering sannsyn/konsekvens, er heller ikkje skildra.
Ifølgje Miljødirektoratet hadde Nyrstar fleire brot på løyva til utslepp til Høyangsfjorden i 2016, og eitt brot på utsleppsløyvet i veke 4 i 2017.
Får auke utslepp
Trass i at Nyrstar fleire gonger har brote utsleppsløyva til både luft og til Høyangsfjorden, gjev Miljødirektoratet verksemda på ny løyve til auka utslepp til Høyangsfjorden.
I brev datert 08. mai 2017 gjev Miljødirektoratet Nyrstar eit mellombels løyve til auke i konsentrasjons- og vekesgrense for utslepp av arsen til Høyangsfjorden. Løyvet gjeld til 31. desember 2017.
Ifølgje Miljødirektoratet har Nyrstar gjort greie for miljøkonsekvensane knytt til det auka utsleppet, og ifølgje Nyrstar er det ikkje teikn på at det auka giftutsleppet skal resultere i auka negativ påverknad på økosystemet.