Desse tunnelprosjekta på Vestlandet tar «sommarferie»

Dei fleste tunnelane som er under oppgradering på Vestlandet, får pause i arbeidet nokre veker i sommar. Det opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

DEL

I fv. 55 Røneid-, Råum- og Ottatunnelen i Luster skal det meste av arbeidet vere ferdig til prosjektet tek sommarferie i veke 28. Frå måndag 5. august er dei tilbake for testing og noko avsluttande arbeid.

Arbeidet i fv. 55 Vadheimtunnelen i Høyanger tek ferie i veke 28–30, frå 8. til 28. juli. Då skal sprengingsarbeidet vera avslutta.

E16 Gudvanga- og Flenjatunnelen (Aurland): Arbeidet sluttar av klokka 06:00 fredag morgon 12. juli. Det startar opp att måndag 5. august klokka 22.00.

E16 Langhelle- og Beitlatunnelen (Vaksdal): Arbeidet blir avslutta for ferien laurdag 6. juli klokka 05:30. Første stenginga etter ferien blir måndag 29. juli klokka 22:00.

E16 Arnanipatunnelen (Bergen): Arbeidet stoppar fredag 5. juli klokka 05:30. Oppstart etter ferien blir måndag 29. juli klokka 22:00.

E39 Hop- og Nesttuntunnelen (Bergen): Siste natt med arbeid før ferien blir natta til søndag 7. juli. Første arbeidsnatt etter ferien blir natt til måndag 29. juli.

E39 Matreberg- og Trodaltunnelen (Masfjorden): Siste arbeidsdag før ferien er natt til fredag 5. juli. Oppstart etter ferien blir måndag 5. august, klokka 20:00.

I fv. 57 Lyngfjelltunnelen i Lindås blir det arbeid gjennom heile ferien. Tunnelen blir framleis heilt stengd om natta. I starten av august vil det bli opna for tovegs trafikk på dagtid.

I fv. 7 Haukanestunnelen og Liarostunnelen i Samnanger er oppgraderingsarbeidet nesten avslutta, men det blir nokre stengingar for testing og liknande til hausten. Her blir det ikkje stengt for arbeid i ferien.

Artikkeltags