Bil køyrte i grøfta ved Kyrkjebø

Det skal ikkje vere personskader, melder politiet.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder onsdag kveld om eit trafikkuhell på Kyrkjebø.

Ein bil skal ha køyrt i grøfta, og området blir av politiet opplyst å vere Vassbrekka.

Klokka 22.35 fortel operasjonsleiar Terje Magnussen til Firda at patruljen er på staden.

Operasjonssentralen har ikkje fått mange opplysningar frå staden, men Magnussen fortel at det ikkje er snakk om personskade.

– Patruljen skal vere i kontakt med førar, og det blir arbeidd med å få bilen opp att frå grøfta, seier operasjonsleiaren.

Arbeidet er ikkje opplyst å vere til hinder for anna trafikk.

Artikkeltags