Espen skulle syne sine beste fototips – anar ikkje kva som skjer like bak han

FANGA PÅ FILM: Medan Espen Bakketun ser i kameraet, går raset i bakgrunnen. Først nokre sekund seinare oppdagar fotografen kva som skjer, og då kjem kameraet raskt fram.

FANGA PÅ FILM: Medan Espen Bakketun ser i kameraet, går raset i bakgrunnen. Først nokre sekund seinare oppdagar fotografen kva som skjer, og då kjem kameraet raskt fram. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

HØYANGER: – Det er kjekt å vise kor rå og vill naturen kan vere, seier Espen Bakketun (24).

DEL

Espen Bakketun (24) var i terrenget nær Siplo i Høyanger onsdag i førre veke for å bli kjent med nærområdet, då han filma seg sjølv for å gi nokre fototips.

Videoen hans skulle raskt ta ei heilt anna vending, samtidig som den understreka tydeleg eit av hans viktigaste tips: Ha alltid med deg kameraet!

Hadde heldigvis kameraet med

– Eg prata til videokameraet og bak meg går raset utan at eg merkar det. Etterkvart høyrer eg noko, men tenkjer ikkje så mykje over det. Men så snudde eg meg. Eg brukte litt tid på å skjønne kva som skjedde, og var ikkje heilt klar, men heldigvis hadde eg kameraet med, seier Bakketun.

Han fekk dermed både filma raset ubevisst, og teke bilder av det med sitt andre kamera.

Etterpå la han ein redigert video av hendinga ut på sin Youtube-kanal, og videoen vart også seinare omtala av VG.

– Heilt rått!

Bakketun flytta til Høyanger i januar, og jobbar til dagleg som journalist i Ytre Sogn. Han er også opphavleg frå Odda og er vand med vestlandsnatur, men fortel at det å få med seg eit ras som dette, det var heilt rått.

– Det er kjekt å vise kor rå og vill naturen kan vere, seier Bakketun, som understrekar at raset på filmen heller ikkje går langt unna Høyanger sentrum.

Fotografen trur ikkje han kjem til å jakte liknande opplevingar bevisst framover, men minner igjen på at hendinga og videoen tydeleggjer eit tips som både han og andre kan bli minna på – nemleg å alltid ha kameraet klart.

Artikkeltags