Stenger fylkesveg i inntil åtte månader

LYT VØLAST: Sidan terrenget er bratt, og fordi det går ei røyrgate under bruene som skal skiftast ut, let det seg ikkje gjere å byggje ein mellombels veg medan arbeidet skjer.

LYT VØLAST: Sidan terrenget er bratt, og fordi det går ei røyrgate under bruene som skal skiftast ut, let det seg ikkje gjere å byggje ein mellombels veg medan arbeidet skjer. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

HØYANGER/FJALER: Vegvesenet skal byte ut tre bruer på fylkesveg 93 mellom Vadheim og Guddal.

DEL

Ifølgje Statens vegvesen er dei tre bruene som skal skiftast ut i Dyrneslia over Vadheim frå 1927, og konstruksjonen er stålbjelkar med eit tynt dekke av betong.

Bruene er svake sidan dei berre har bruksklasse 8/32, men det er det dårlege rekkverket som gjer at Vegvesenet meiner det er tvingande naudsynt å setje inn tiltak.

Planen er å nytte dei gamle landkara, men å støype nye bruplater i betong.

Slik vegen og terrenget er der bruene ligg, samt at det går ei røyrgate under bruene, er det ikkje høve til å byggje mellombelse bruer.

Stenger i åtte månader

Konsekvensen vert at fylkesveg 93 – mellom Vadheim i Høyanger kommune og Guddal i Fjaler kommune – må stengast medan arbeidet med bruene går føre seg.

Sidan det mest gunstige for både kostnad og framdrift i prosjektet vil vere å skifte ut alle tre bruene i éi stenging, ser Vegvesenet føre seg å stengje fylkesveg 93 i inntil åtte månadar.

Statens vegvesen går no gjennom innkomne anbod på oppdraget. Sidan det ikkje førebels ikkje er avgjort kven som får oppdraget, er det uvisst både nøyaktig når prosjektet startar opp og når vegen vert stengd.

Men ifølgje Vegvesenet stengjer vegen tidlegast 5. mars.

Lang omkøyring

Medan fylkesveg 93 er stengd vert det omkøyring på kommunal veg via Sygna i Gaular kommune.

Vegvesenet er i den samanheng i dialog med både Fjaler kommune og Gaular kommune.

Den delen av omkøyringsvegen som ligg i Fjaler, vart asfaltert i 2017.

I Gaular er stoda eit område med grusveg, og eit område som har dårleg asfaltdekke. Begge strekningane skulle vore asfalterte i 2017, men no er planen å asfaltere dei snøggast råd i 2018.

Ifølgje Vegvesenet vil asfalteringsarbeidet bli utført slik at det i minst mogleg grad skal påverke vegfarande som nyttar vegen.

Artikkeltags