Forbipasserande oppdaga betongsøl i elva: – Tragisk

50 fiskar dauda då betongsøl lak ut i Hjetlandselva i Høyanger.

50 fiskar dauda då betongsøl lak ut i Hjetlandselva i Høyanger. Foto:

I haust oppdaga ein forbipasserande store mengder uherda betong i Hjetlandselva i Høyanger.

DEL

Hendinga vart meldt vidare til Jan Henning Øyehaug, leiar i Fiskeutvalet i Høyanger Jakt og Fiskelag.

– Det som truleg har skjedd er at betong har runne ut i elva under arbeid med legging av ny kraftkabel, seier Øyehaug til Firda.

Forureininga skjedde i Hjetlandselva, som er ei sideelva til Daleelva, og ligg ved Høyanger vidaregåande skule. Kabelgrøfta har tidlegare vore dekka av betong, fortel Øyehaug.

50 daude fisk

Konsekvensen vart dessverre fatal. Ein reknar at rundt 50 fiskar dauda.

– Store mengder uherda betong vart oppløyst i elva, med den konsekvens at all fisk på strekninga mest sannsynleg har stroke med, står det i eit brev Øyehaug sende til Fylkesmannen i Vestland.

I brevet skildrar Øyehaug hendinga som alvorleg.

– Det er spesielt tragisk med tanke på at dette er eit svært viktig gytestrekk for ein allereie sterkt pressa sjøaure-bestand, skriv han.

– Det må ha vore eit trist syn?

– Ja, det var det, seier Øyehaug til Firda.

Første gong

Ifølgje fiskeutvalsleiaren vart jobben bestilt av BKK, men utført av ein underentreprenør.

– Dette er første gong vi har hatt ei slik hending. Då det skjedde vart vi tatt litt på senga, fordi vi ikkje visste kor vi skulle melde frå. Men det er altså 110-sentralen som skal ha melding om all forureining, det fann vi ut til slutt, seier han.

Saka enda til slutt opp på Kystdirektoratet sitt bord.

– Det er ikkje ei stor sak, men det er greitt å få det registrert. Så vidt eg veit har entreprenøren fått pålegg om å rapportere om kva som har skjedd. Det blir ikkje noko politimelding, seier han.

Andre saker frå Høyanger


Artikkeltags