Ønskjer å brenne ned gammalt hus

RIVE: Karl Hjelmeland ønskjer å brenne ned dette huset og har søkt kommunen.

RIVE: Karl Hjelmeland ønskjer å brenne ned dette huset og har søkt kommunen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

HØYANGER: Huset er i så dårleg forfatning at eigar ser det som uhandterleg å restaurere.

DEL

Karl Hjelmeland har søkt Høyanger kommune om å få rive og brenne ned eit gamalt bustadhus som står på garden hans på Lavikdalen.

I brevet til kommunen går det fram at han har vore i kontakt med Høyanger brannvesen og avtalt at huset skal brennast ned som ei brannøving, føresett at det blir gjeve rivingsløyve.

Huset er fråflytta frå fleire år sidan og er i dårleg forfatning grunna langvarige lekkasjar. Eigar ser det som heilt uhandterleg å skulle rehabilitere det. Undersøkingar gjort av byggmeister i 2006 bekrefta også at det er eit rivingsprosjekt.

Søknaden har ei behandlingstid på tre veker.

Artikkeltags