Røyutvikling i einebustad på Kyrkjebø

Artikkelen er over 1 år gammel

HØYANGER: Vaktleiar var allereie i området då alarmen gjekk, og fekk raskt sløkt brannen,

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melde klokka 16.32 torsdag kveld om røykutvikling i ein einebustad på Kyrkjebø.

Naudetatane var på veg til staden då hendinga vart meldt.

Klokka 16.37 vart brannen meldt sløkt, og det hadde då ikkje komme meldingar om personskade, ifølgje politiet.

Var i området

Vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø, Oddbjørn Aune, fortel til Firda at ein heilt tilfeldig hadde vakthavande brannpersonell i området.

Det at brannvakta var i vaktbilen, gjorde at vedkommande raskt kunne vere på staden.

– Det, kombinert med hjelp frå naboar gBjorde at ein fekk sløkt brannen raskt, seier Aune, som legg til at det framleis er brannmannskap på staden for å lufte ut bustaden.

– Området rundt vert også sjekka, seier Aune.

Ukjent årsak

Kva som er årsaka til røykutviklinga, er enno ikkje slått fast.

– Det er nemnt eit sikringsskap, men dette har vi enno ikkje fått verifisert, seier vaktleiaren.

Artikkeltags