SAS-fly fekk problem og fall 1500 meter over Lavik

Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SAMFERDSLE: 06.40-avgangen frå Bergen til Ålesund skal ha stupt bratt nedover etter kraftig ising.

DEL

Den 14. november i år skal eit SAS-fly på veg frå Bergen til Ålesund fått problem etter avgang frå Flesland, melder Sunnmørsposten.

Pressesjef Mariam Skovfoged i SAS Danmark stadfestar at flyet gjekk frå kring 15.000 til 10.000 fots høgde etter at det vart utsett for kraftig ising.

Flyet skal ha tapt betydeleg høgde før pilotane igjen fekk kontroll over flyet.

– Ubehageleg

Det var 36 passasjerar om bord og ein av dei var Rune Trones.

– Omtrent halvvegs stupte flyet plutseleg bratt nedover. Det svinga til høgre og så til venstre, før det til slutt retta seg opp igjen, seier Trones til Bergens Tidende.

– Eg har vore med på både lynnedslag, haglstormar og turbulens, men eg har aldri opplevd at flyet har falle med nasen først. Det var veldig ubehageleg.

Skal vurdere hendinga

Flyet var av typen ATR 72, som er eit propellfly som hovudsakleg vert brukt til innanlandsturar. Ifølgje nettstaden Luftfart.media.no skal flyet å ha gått inn i ein såkalla «stall» på rundt 15.000 fot. SAS si informasjonsavdeling er kjent med desse opplysningane, men kan ikkje stadfeste at dette har skjedd.

Vakthavande havariinspektør, Birger Andreas Bull, stadfesta til Sunnmørsposten søndag at det vil bli gjort ei vurdering om flyturen frå Bergen til Ålesund skal undersøkast.

– Om vi vel å gjere ei formell undersøking vil dette bli offentleggjort på våre nettsider, seier han.

Artikkeltags