Full utrykking for å berge full og aggressiv kvinne om bord i ein robåt

Det heile enda med ein tur til arresten i Førde.

DEL

Naudetatane rykte i dag tidleg ut for å berge ei kvinne i Høyanger, då ho ikkje greidde å kome seg til land på eiga hand.

– Kvinna var om bord i ein robåt. Ho var rusa og aggressiv når redningsmannskapa kom fram til ho, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Dag Olav Sætre.

Då kvinna kom med truslar mot redningsmannskapa, vart ho meldt til politiet for forulemping av offentleg tenestemann.

– Ho er hos politiet i Førde no, så vi får sjå korleis ho ter seg når ho vaknar til live utpå dagen, seier Sætre.

Artikkeltags