Bestanden har auka, likevel vil åtte kommunar i Sogn forby hummarfiske i 17 område

KJEMPEFANGST: Det er mykje hummar i Sognefjorden. Likevel har Sognefjorden vel fått åtte kommunar til å gå inn for å frede hummaren i 17 område.

KJEMPEFANGST: Det er mykje hummar i Sognefjorden. Likevel har Sognefjorden vel fått åtte kommunar til å gå inn for å frede hummaren i 17 område. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

HUMMARFISKET: Bakgrunnen for forslaget er at hummarbestanden i Sognefjorden har auka sidan 1990.

DEL

Det er Sognefjorden vel som har teke initiativ til fredingsområde for hummar i Sognefjorden, og som har føreslege kva område som skal fredast.

Initiativet resulterte i at åtte kommunar i Sogn Regionråd samarbeida om oppretting av slike fredingsområde.

No har saka vore ute på høyring.

I Fiskeridirektoratets høyringsdokument kjem det fram at bakgrunnen for forslaget er at Sognefjorden vel ser at hummarbestanden i fjorden har vore aukande sidan 1990. Bestanden har auka i tal samstundes som hummaren har blitt vanlegare i indre deler av fjorden.

I tillegg skriv Sognefjorden vel at fiskepresset har gått frå nesten fråverande til hardt i løpet av dei siste ti åra.

Det er framleis bra rekruttering og bra med hummar under minstemålet i Sognefjorden, men Sognefjorden vel hevdar at mykje av hummaren vert fiska opp i løpet av dei første åra etter at dei passerer minstemålet.

Havforskingsinstituttet har synt at fredingsområde for hummar er ein god måte å sikre bestanden på. I fredingsområda aukar både tal humrar og storleiken på dei i løpet av få år.

Det vert føreslege at fredingsområda skal gå frå land og ned til 50 meters djupne. For 14 av desse områda vil det vere forbod mot fiske med fastståande reiskap som teiner, ruser og garn gjennom heile året.

Fredingsområda vert foreslått innført for 10 år.

Område der hummaren kan bli freda:

Høyanger kommune:

  • Strekninga mellom Strandselvi til Instevik (Ytste Vikeelva) på sørsida av Sognefjorden.
  • Norevik på nordsida av Sognefjorden, avgrensa med posisjoner ved Norevik aust og Norevik vest.

Balestrand kommune:

  • Strekninga mellom Kongsnes og Kvist.
  • Strekninga mellom Målsnes og Kallestad.

Leikanger kommune:

  • Strekninga mellom Kjerringelvi som kjem ned frå Tenningane i Balestrand kommune og Kvinnafossen.
  • Strekninga mellom Grindselvi og Fosshagaelvi.

Sogndal kommune:

  • Strekninga mellom Fiksnes og kommunegrense Leikanger.
  • Strekninga mellom Mannheller og Skarduri.
  • Sogndalsfjorden, innanfor grense frå Nordnes lykt på nordsida av Sogndalsfjorden til Hagastrondi på sørsida av Sogndalsfjorden.

Lærdal kommune:

  • Strekninga mellom Reinsåna og ferjekaia på Revsnes.
  • Strekninga mellom Buelvi i Buene og luftspennet over Aurlandsfjorden ved Knubben om lag 1 km strandlinje.

Vik kommune:

  • Strekninga mellom Inste Trettetunga og Straumsneset (i området Feios og Fresvik ).
  • Strekninga mellom Bergjuv og Steinagildet (i området Vangsnes - Feios).
  • Strekninga mellom Limmesand (ved molo) og Eitrelvi - område Eitreneset.
  • Strekninga mellom Midtlielvi (ved Hanekam)og Gjelaneset – Gila (Stavedalsbukta).

Aurland kommune:

  • Heile strandsona i Aurlands- og Nærøyfjorden, innanfor grense ved luftspennet over Aurlandsfjorden som går frå Knubben i Lærdal kommune og over til Dyrastadneset i Vik kommune.

Luster kommune:

  • Heile Lustrafjorden, innanfor grense trekt frå Kvarvnes lykt ved grensa til Årdal kommune og til Ombandsneset ved grensa til Sogndal kommune.

(Kjelde: Fiskeridirektorates høyringsskriv)

Artikkeltags