Gå til sidens hovedinnhold

24 i sveltestreik mot UDI-sommel

Artikkelen er over 4 år gammel

HØYANGER: – Her sit vi til UDI har intervjua oss. Vi vil ikkje ha stønad, vi vil ha arbeid, seier syrarane som no sit på torget i Høyanger og sveltestreikar til UDI har kalla dei inn til intervju.

– For åtte dagar sidan gjekk vi til politiet og leverte inn bankkorta våre. I ni månader har vi sete på ein sofa og venta på at livet skulle ta til. No vil vi ikkje lenger ta imot stønad, seier Nizar Kourani, flyktning frå Syria.

Har venta i ni månader

I ni månader har han venta på at UDI skulle kalle han inn til intervju. Når han ringer og spør korleis det går, får han beskjed om at «hans tur kjem nok».

UDI seier til Firda at innan hausten vil dei kunne bli kalla inn til intervju.

Ifølgje VG fryktar Venstre-leiar Trine Skei Grande at det vil kunne ta opptil fire år å behandle alle dei 20.496 asylsøknadane som no ligg hos UDI.

 Dei 24 syrarane som no sveltestreikar i Høyanger synest behandlingstida er for lang.

Les også: – Dei har fridom til å ta eigne val

– Latar som dei bryr seg

– Vi har slutta å ta imot dei 2200 kronene vi får i månaden. Styresmaktene berre latar som dei bryr seg om oss likevel. Det er åtte dagar sidan vi gav beskjed om at frå no av har vi ikkje pengar til å klare oss, men styresmaktene bryr seg ikkje. Politiet veit om det, mottaket veit om det, men ingen har brydd seg med å snakke med oss, seier Samer Hamed.

– Jau, ei har brydd seg: Det var ho som kom til mor mi i går og sa at ho ikkje måtte la meg vere med på sveltestreiken, for då ville barnevernet komme og ta meg, seier ein 17-åring som deltek i aksjonen.

– Men dette godvêret kjem ikkje til å halde, og de har ikkje pengar til mat? Dette kan bli ein farleg situasjon?

Ikkje liv verdt å leve

– For å vere heilt ærleg: Det bryr oss ikkje, seier Nizar Kourani.

– Men de kan døy av underernæring? De har no eit liv her, om ikkje det er optimalt?

– Nei. Dette er ikkje eit liv som er verdt å leve. Vi blir veldig nervøse av denne situasjonen. Heile dagen, kvar dag, går vi og tenker på om vi vil få opphaldsløyve eller ikkje. Blir vi sendt attende, så er det svært farleg. Vi går her i eit tomrom, alt systemet vil, er at vi skal sitje på ein sofa og ete og sove, men vi vil fortsetje liva våre. Vi vil studere, vi vil arbeide og tene våre eigne pengar. Vi vil ikkje lenger gå her på almissar frå Staten, seier Samer Hamed.

– Spydige tunger vil seie at det passar jo fint med ein sveltestreik for dykk muslimar, no i fastemånaden Ramadan?

– Vi kunne ha ete mellom solnedgang og soloppgang i Mekka, det vil seie frå seks om kvelden til klokka tre om morgonen norsk tid. Dette er berre tilfeldig. Og dette kjem til å vare lenger enn fastemånaden, er eg redd. Vi sit her til vi blir innkalla til intervju med UDI, så dei kjem i gang med å handsame asylsøknadane våre.

– Uansett kor lenge det tar?

– Uansett kor lenge det tar.

Politiet orientert

Før dei sette seg til på torget, gjekk dei til politiet i Høyanger og spurte om lov til å sitje der.

– Dei må få lov til å sitje kor dei vil, så lenge det ikkje kjem noko ordensuro ut av det, seier lensmann i Balestrand og Høyanger, Kåre-Jan Hofrenning.

– Eg har snakka med leiaren på mottaket om situasjonen, og vi er blitt einige om at han skal kontakte helsestyresmaktene, slik at ein får kontroll på at ikkje liv og helse kjem i fare, seier Hofrenning. Han er likevel usikker på om Høyanger er rusta til å takle situasjonen:

– Dersom dei set seg til motverje om vi prøver å få dei inn på sjukehus, har eg ikkje personell til å takle ein slik situasjon. Eg kan ikkje godt kalle inn Heimevernet heller. Spørsmålet er om UDI vil vurdere å flytte dei til ein stad som er betre eigna til å takle situasjonen.

UDI: Intervju i løpet av hausten

Sissel Mehammer, regiondirektør i UDI Vest, seier dei har stor forståing for frustrasjonen blant dei sveltestreikande.

–   Eg skjønnar at dei er frustrerte på grunn av den lange ventetida. Samtidig håpar eg dei har forståing for at det er det høge ankomstalet i fjor haust som gjer til at det blir meir venting enn vanleg, seier Mehammer.

– Er det noko øvre grense for kor lenge ein kan stå i kø for intervjuet med UDI?

– Ventetida har auka på grunn av dei mange som kom til landet i fjor haust. Forvaltninga vår er i utgangspunktet ikkje bemanne til å handtere så høge ankomstal. No gjer vi det vi kan for å oppdatere asylsøkarane på ventetida, og vi trur at i løpet av tidleg haust vil alle ha blitt intervjua.

– Vil de gripe inn i sveltestreiken?

– Eg veit mottaket har gitt beskjed til dei sveltestreikande om at dei vil bli følgt nøye opp og at barnevernet blir varsla dersom mindreårige deltek. Elles vil mottaket stå for oppfølging av dei og vere i kontakt med oss i UDI eller helsepersonell dersom det blir aktuelt, seier Mehammer, som seier UDI har full tillit til jobben mottaket gjer.