Tissing på gata, slåsting og for mykje drikking – slikt blir det jobb av
Politiet har hatt litt av kvart å gjere på natt til søndag.
Ut frå twitter-kontoen til politiet har dei hatt ymse å ta hand om natt til søndag.
I Høyanger måtte ein rusa mann visast vekk frå eit hotell kvart over tolv. Mannen i slutten av 40- åra blei nekta servering fordi han var for full.
– Folka som jobba der var redd at han skulle bli kranglete, så patruljen kom til staden og viste han vekk, seier operasjonsleiar Hans Eirik Thue i Vest politidistrikt.
I Øvre Årdal kom det melding om ordensforstyrring like etter klokka 01.00 natt til søndag. Ein mann på pubtur blei omtalt som utagerande og politiet kom.
– Han var nok litt høgt oppe, og patruljen køyrde han heim til foreldra.
I Florø måtta politiet ta hand om to personar som hamna i slagsmål utanfor sentrum. Politiet kom til staden og sende dei to til kvart sitt. Saka blei ordna på staden.
Like greitt gjekk det ikkje for mannen som slo lens i Florø sentrum. Han blei ferska av politiet og kan vente seg at saka for konsekvensar.