Aluminiumsverka håvar inn millionar

TENAR GODT: Hydro Aluminium i Høyanger tente 53 millionar kroner før skatt i fjerde kvartal. Fabrikksjef Stian Tangen er nøgd med resultata.

TENAR GODT: Hydro Aluminium i Høyanger tente 53 millionar kroner før skatt i fjerde kvartal. Fabrikksjef Stian Tangen er nøgd med resultata. Foto:

INDUSTRI: Hydro i Høyanger hadde eit overskot på 53 millionar kroner før skatt i fjerde kvartal. For Årdal var overskotet for tilsvarande periode på 172 millionar kroner.

DEL

– Drifta har vore god i fjerde kvartal, og generelt i 2017. Forbetringa frå tredje kvartal er i hovudsak drive av høgre aluminiumspris, men også delvis motverka av sesongmessig lågare sal og auka råvarekostnadar i produksjonen, seier fabrikksjef Stian Tangen ved Hydro Høyanger i ei pressemelding.

To år sidan klage

Tangen er spesielt nøgd med byggeaktiviteten på elektrolysetomta, der det blir bygt ny likerettar.

– Investeringa på over 100 millionar i ny likerettar gjer fabrikken meir robust, seier Tangen.

Støyperiet leverer produksjon over måltal i fjor og hadde eit betydeleg betre enn året før. Ny støypeteknologi har gjort til at det nesten har gått to år sidan verket i Høyanger fekk ei klage, ifølgje Tangen.

Best i Årdal

I Årdal avslutta verket 2017 med eit overskot på totalt 659 millionar før skatt. Aluminiumsverket produserer produkt som i hovudsak vert sendt til kundar i kontinental-Europa, for vidareformidling til bildelar, dører, tak eller panser.

– 2017 har vore eit godt år med stabil drift kor vi mellom anna sette produksjonsrekord i elektrolysen. Støyperiet har også levert bra resultat trass eit krevjande år for valseblokkstøyperiet, som innførte ny teknologi og oppgraderte til nye standardar for å vere kvalifisert til å levere til bilindustrien, seier fabrikksjef i Årdal, Wenche Eldegard.

PRODUKSJON: Hydro sitt anlegg i Høyanger starta opp i 1917, og var eitt av dei første produksjonsstadane for primæraluminium, eller flytande aluminium, i Norge.

PRODUKSJON: Hydro sitt anlegg i Høyanger starta opp i 1917, og var eitt av dei første produksjonsstadane for primæraluminium, eller flytande aluminium, i Norge. Foto:

Artikkeltags