13 millionar i minus for Hydro Høyanger

UNDERSKOT: Fabrikksjef Stian Tangen seier høge råvareprisar og låge prisar på sal av aluminium er årsaka til at Hydro Høyanger gjekk med 13 millionar i underskot i andre kvartal i år.

UNDERSKOT: Fabrikksjef Stian Tangen seier høge råvareprisar og låge prisar på sal av aluminium er årsaka til at Hydro Høyanger gjekk med 13 millionar i underskot i andre kvartal i år. Foto:

Fabrikksjef Stian Tangen forklarar det heile med høge råvareprisar og låg salspris på aluminium.

DEL

Andre kvartal vart ikkje noko økonomisk opptur for Hydro Høyanger. Dei hadde ei underskot før renter og skatt på 13 millionar kroner.

– I ei tid med høge råvareprisar og låge salsprisar må vi ha fokus på det som vi kan påverke lokalt i Høyanger. Det er betre kostnadskontroll på innsatsfaktorar og levering av aluminium med høg kvalitet til våre kundar, seier Tangen i ei pressemelding.

Han seier at reduksjon og drift i Høyanger leverer på eit stabilt og godt nivå.

Gode på sikkerheit

Sikkerheit er viktig for Hydro Høyanger, og dei er veldig godt nøgde med at dei i andre kvartal ikkje har hatt skader på tilsette.

– Produksjonen av aluminium har stor risiko, som flytande metall, produksjonsmaskineri og store køyretøy. Å vere bevisst på dette, og stadig søke forbetringar er det viktigaste vi gjer, seier Tangen.

Hydro Høyanger har 156 tilsette, eit sjukefråvær på 4,9 prosent og ingen personskadar i jobb med fråvær.

Hydro Årdal med 62 millionar i underskot

Forklaringa på underskotet i andre kvartal for Hydro Årdal er det same som i Høyanger. Høge råvareprisar og låge metallprisar.

Resultatet er litt betre enn i første kvartal.

– Det er framleis utfordrande med varierande aluminiumskvalitet, men vi handterer denne situasjonen godt i Årdal. Eg er også nøgd med at vi ikkje har hatt fråværsskadar siste kvartal, seier fabrikksjef Wenche Eldegard.

Hydro Årdal har 534 tilsette og eit sjukefråvær på 4,6 prosent.

Artikkeltags