Bil med tilhengar køyrde i fjellvegen

Ulykka fann stad i Kjøshammartunellen på E39/rv. 60 i Hornindal kommune.

DEL

Vest politidistrikt melde klokka 07.12 om at ein bil med tilhengar hadde køyrt i fjellveggen.

Politiet har vore på staden og utifrå undersøkingar som patruljen har gjort er det grunn til å tru at førar av bilen har sovna. Politiet har derfor beslaglagt førarkortet og oppretta sak.

Bilen hadde to passasjerar, ingen vart skadd.

Artikkeltags