UP har torsdag ettermiddag hatt ein fartskontroll på E39 ved Grodås.

I denne 60-sona tok dei ein god del fartssyndarar, og heile 21 forenkla forelegg vart utskrivne.

Av desse vart høgste fart målt til 83 km/t, men personen bak denne farten var ikkje den som UP fakka med størst lovbrot på samvitet.

I samme 60-sone vart ein mann i 20-åra fråteken førarkortet etter at UP målte han til 91 km/t.