To vart meldt til politiet for brot på køyre- og kviletidsreglane

Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: I tillegg fekk to sjåførar bruksforbod for dårleg sikta last.

DEL

Vegvesenet hadde måndag kveld kontroll på Kjøs i Nordfjord. Der kontrollerte dei 29 køyretøy, noko som fekk konsekvensar for mange.

To vart meldt og rapportert skriftleg for brot på køyre- og kviletidsreglane.

Vidare fekk to andre førarar åtvaring for det same, men av mindre alvorsgrad. I tillegg måtte eit transportfirma til verksemdskontroll for brot på køyre- og kviletidsreglane.

To sjåførar fekk bruksforbod på grunn av at lasta deira var dårleg sikra. Dei fekk køyre vidare etter at lasta var blitt sikra betre.

Også tre førarar fekk pålegg om å fjerne gjenstandar i siktsona før dei fekk køyre vidare.

Seks andre vogntog vart kontrollert med fokus på transport av farleg gods. Desse hadde ikkje manglar.

Det var éin sjåfør som fekk gebyr for vinterdekk under lovleg minimum. Han måtte skifte desse før han fekk køyre vidare.

Artikkeltags