Lastebil ligg på sida etter utforkøyring i Hornindal

Artikkelen er over 1 år gammel

HORNINDAL: Førar i 70-åra kom frå ulykka utan skader. Bilerging tar truleg heile natta, melder politiet.

DEL

Eit vogntog har køyrt utfor vegen og ligg på eine sida søndag kveld. Vogntoget ligg på ei mark nedanfor vegbana ved Seljetsetkrysset mellom fv60 og fv726 i Hornindal. Politiet fekk melding om ulykka klokka 22.05.

Alle naudetatane rykte ut til staden. Føraren skal vere ein mann i 70-åra, ifølge politiet er han ute av bilen klokka og uskadd. Vogntoget var lasta med fisk i kassar, som blir lasta om. Det melde politiet klokka 23.30.

Det er ingen mistanke om ruspåverknad.

– Vogntoget har truleg køyrt ut på grunn av dårleg føre, skriv politiet i Vest politidistrikt på Twitter.

Ifølge politiet har vogntoget komme utanfor asfaltkanten. Bergingsarbeidet kjem til å ta heile eller store delar av natta. Det blir ordna med alternativ køyrerute, men ved midnatt var vegen framleis open.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags