27 køyretøy til kontroll – over halvparten fekk reaksjonar

Artikkelen er over 2 år gammel

TRAFIKK: Seks fekk bruksforbod under måndagens vegvesen-kontrollar.

DEL

 Inspektørane hos Statens vegvesen fekk litt å bryne seg på under måndagens kontroll på Kjøs.

– Eg synest det er skremmande mange reaksjonar, seier inspektør i Statens vegvesen, Ove Garlid.

Måndag hadde vegvesenet kontroll på Kjøs i Hornindal. 20 køyretøy vart kontrollerte og dette var resultatet:

  • To førarar fekk skriftleg åtvaring for korte pausar.
  • Ein fekk gebyr for manglande bombrikke.
  • To fekk gebyr for slitne dekk.
  • Ein fekk mangellapp for knust frontrute.
  • Tre fekk bruksforbod, ein for dårleg sikra last og to for hindring av sikt.

Nokre av resultata vart funne på same køyretøy, men det er likevel mykje, meiner Garlid.

– Ein førar hadde knust frontrute som tok ein del av sikta. Då han vart vinka inn til kontroll var han på veg til verkstad. Ruta var dårleg, men ikkje ubrukeleg, fortel Garlid.

Tre til politiet

Eit anna køyretøy hadde to slitne dekk på tilhengaren sin som var under minstekravet. Dette fekk han 750 kroner i gebyr for – per dekk. Køyretøyet med dårleg sikra last var ikkje graverande, men var ikkje innanfor kravet.

Alle reaksjonane som vegvesenet oppdagar vert registrert, og viss kontrollørane ser at førar har fått fleire merknadar før, vil vedkommande bli meld.

– Tre merknadar fører til politimelding, seier Garlid.

Tre måtte fjerne ting frå ruta

Vegvesenet hadde også kontroll på Folven i Stryn måndag. Der blei ein lastebilsjåfør meld for å ikkje nytte fartskrivarkortet i fartskrivaren under køyring, medan ein anna ikkje hadde kalibrert fartsskrivaren i bilen og måtte på verkstad med feilen før bilen kunne nyttast vidare.

Eit vogntog hadde lause stroppar på lasta, og måtte sikre den betre før sjåføren fekk køyre vidare. Tre lastebilar vart ståande på kontrollplassen til dei hadde fjerna gjenstandar i frontruta.

Artikkeltags