Vogntoget kunne ikkje svinge skikkeleg. – Aldri sett liknande, seier Vegvesenet.

TRONGT: Her ser ein kor liten avstanden var frå lastebilen og tilhengaren var. Sjåføren av denne lastebilen blei meldt til politiet og fekk køyreforbod.

TRONGT: Her ser ein kor liten avstanden var frå lastebilen og tilhengaren var. Sjåføren av denne lastebilen blei meldt til politiet og fekk køyreforbod. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

HORNINDAL: Svein Arne Henjesand lurer på kva som kunne skjedd om dette vogntoget kom i motsett køyrefelt.

DEL

Statens vegvesen har hatt kontroll ved Kjøs i Hornindal på søndag frå klokka 16 til 23. Dei vinka inn 58 køyretøy, og kontrollerte 44.

Aldri sett liknande

Eit vogntog fekk køyreforbod og blei meldt til politiet fordi avstanden mellom lastebilen og framveggen på tilhengaren var for liten. Vogntoget kunne ikkje svinge skikkeleg, og forholdet var svært trafikkfarleg, seier overingeniør Svein Arne Henjesand i Statens vegvesen.

– Dette skremte meg mest. Det er forferdeleg alvorleg. Viss det gjer til at han ikkje klarer å svinge skikkeleg, og går over i motsett køyrebane eller går utanfor vegen, kan det få konsekvensar. Det er ikkje bra, seier han.

Han seier han aldri har sett eit liknande avvik.

Mangla bombrikke - 8000 kroner i bot

Ein annan lastebileigar fekk bot på 8000 kroner for å ikkje ha med seg bombrikke.

– Alle tunge køyretøy over 3,5 tonn er pålagt å ha bompengebrikke i frontvindauget. Manglar dei dette er det 8000 kroner i gebyr første gong, og faktisk 16.000 kroner neste gong. Det har vore ein del som har snike i bommane opp gjennom åra, så dette er for å ta tak i det, seier overingeniør Henjesand.

Mykje å ta tak i

To lastebileigarar hadde ikkje utført periodisk kontroll på tilhengarane sine. Desse blei avregistrerte fram til tilhengarane blir godkjent, og sjåførane må betale påskiltingsgebry på 1540 kroner for å få på igjen skilta.

Ein sjåfør fekk skriftleg åtvaring for eit mindre brot på køyre-og kviletida. Ein annan fekk meldt til politiet fordi han ikkje brukte fartsskrivarkort under køyring. To sjåførar mangla vognkort under køyring. Ein varebil var nesten 300 kilo for tung, og måtte laste av.

Artikkeltags