Politiet i Sogn og Fjordane melder torsdag føremiddag om eit trafikkuhell ved Lyngvoll på fv. 60 i Hornindal.
Ein mann i 40- åra kom frå hendinga utan skader, men blei politimeld for å ha dekk under mønstergrensa.
– Vinterdekke var dårlege, seier operasjonsleiar Olaug Holme i Sogn og Fjordane politidistrikt.
Ulykka skjedde ved ein sving og bilen hamna utfor vegen.
Det var ein forbipasserande som melde ifrå om hendinga.
– Det førte til at brann, ambulanse og politiet rykka ut, noko som ikkje var nødvendig, seier Holme, som oppmodar folk om å gi beskjed dersom det ikkje er personskade.
– Det kan føre til unødige utrykkingar, sjølv om det i denne saka enda med ei bot for dårlege dekk.