Kontrollerte bilistar for rus og fart

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Politiet i Sogn og Fjordane hadde både fartskontroll og promillekontroll på vegane natt til søndag.

Sjekka bilistar

På riksveg 15 ved Eid/Haugen fekk tre bilistar med seg heim forenkla førelegg. Høgste målte fart var 81 km/t i 60-sona.

Promillen blei sjekka blant bilistane i Hornindal på E39. Av dei 28 kontrollerte var det ingen utslag på rus, melder politiet på twitter.

Mann vist vekk frå utestad

Utslag på rus var det nok derimot på ein sogning, som i natt blei vist vekk frå ein utestad i Sogndal.

Artikkeltags