Politiet melder søndag klokka 11. 07 at dei har avslutta arbeidet ved rasstaden og at mannskapet no er dimitterte.
Helikopteret som i dag har søkt i rasområdet, har også reist frå området.
Vegen er framleis stengt etter at eit 60 meter breitt ras sperra E39 ved Skredsetranda ved Hornindalsvatnet søndag morgon.

Les også
Stort snøras sperrar E39 – vegen blir ikkje rydda i dag.
Vegen blir ikkje rydda i dag.
– Det kjem ein geolog til staden i morgon for å vurdere området. Det er såpass med mildvêr og ustabilt at det kan komme fleire ras, seier Jan Erikstad i vegtrafikksentralen til Firda.