Sikra ikkje born i bilen – blir politimeld

Artikkelen er over 2 år gammel

TRAFIKK: Nær 300 sjåførar blei kontrollerte søndag.

DEL

Statens vegvesen hadde kontroll i Stryn, Hornindal og på Nordfjordeid søndag. 

Vegvesenet sjekka 287 lette køyretøy for mellom anna bilbeltebruk og sikring. 

Ein sjåfør blei meld fordi han ikkje hadde sikra born under 15 år, medan to andre fekk gebyr fordi dei ikkje brukte bilbelte. 

To andre sjåførar blei også nokre kroner fattigare fordi dei ikkje hadde med seg førarkort.

Artikkeltags