SISTE: Politiet melder 10.10 at vegen ikkje blir rydda i dag, og at det er ingenting som tyder på at nokon er tekne av raset.
Nye søk – har ikkje gjort funn
Naudetatane har rykka ut etter at det kom melding om eit stort snøras som sperrar E39 ved Hornindalsvatnet i Eid kommune.
Raset gjekk ved Skredestranda, melder politiet på Twitter.
Politiet seier til Firda 09.20 at dei har gjort eit søk i området, men at det ikkje er gjort funn. Medan bakkemannskap jobbar i området, er det folk ute i båt i Hornindalsvatnet for å følge med på om det kjem nye ras.
–Det er stor rasfare, seier operasjonsleiar Terje Magnusen ved Vest politidistrikt.
Vegtrafikksentralen vil gjere ei vurdering om kor tid dei vil rydde vegen, opplyser politiet.
Seksti meter breitt om seks meter høgt
Raset er seksti meter breitt og fem- seks meter høgt. Politiet fekk meldinga 06.54 og er i gang med å søke:
– Vi har helikopter inne i området og har prøvd å søke i raset, men det er enno ikkje signal på at personar er tekne av raset.
Det er veldig stor skredfare i området og det har tidlegare gått eit stort skred i området, opplyser Magnusen.
Folk kan bli evakuert
Politiet har ikkje mannskap på staden, men bakkemannskap er i området og jobbar. Ein person frå skredgruppa er på veg til staden.
– Vegen er heilt sperra og blir det nok ei stund utover. Geolog blir varsla for å vurdere tryggleiken. Det er nokre hus i området og vi må få tryggleik om at dei er sikre.
–Er folk blitt evakuerte?
– Nei, dei er ikkje blitt det enno, men det tek vi fortløpande vurderingar på.
Busspassasjer: Ikkje dramatisk
Eivind Grodås sat i buss då han såg snøraset på vegen.
– Strekninga frå austsida er lang og rett, og med god oversikt, så eg oppfatta ikkje situasjonen som dramatisk. Bussjåføren gjorde ei kontrollert nedbremsing, kanskje 50 meter frå «snøveggen» og ringde deretter til myndigheitene, seier Grodås til Fjordabladet.
Vegtrafikksentralen: Mange telefonar
Vegtrafikksentralen fekk melding om raset 06. 43 søndag morgon av ein trafikant.
Tore Tysse seier dei fleste telefonane dei får frå folk no, er frå bilistar som skal ut og køyre på nettopp rasvegen i dag.
Avhengig av kvar du kjem frå, vil rv. 651 og fv. 60 Utvikfjellet vere blant omkøyringsmoglegheitene.
– Raset er ganske stort og det vil ta si tid å rydde det, men vi kan ikkje starte arbeidet før vi har fått klarsignal frå geologen.