Bøtte med oske tok fyr – politi og brannvesen rykte ut

Artikkelen er over 2 år gammel

HORNINDAL: Meldar sløkte brannen sjølv før brannvesenet kom til staden.

DEL

Politiet fekk melding om brann ved ein einebustad i Hornindal klokka 18.52 tysdag ettermiddag. Det var ei bøtte med oske som hadde teke fyr utanfor inngangspartiet, og spreidd seg til kledninga på huset. Dette melder politiet på Twitter.

Brannvesen og politi rykte ut, men meldar hadde klart å sløkke brannen sjølv med eit pulverapparat før brannvesenet kom. Brannvesenet ettersløkte brannen og sikra staden.

– Saka vert følgt opp av politiet, og det vert vurdert om det skal bli oppretta sak eller ikkje. Når ein tek ut oske er det viktig å gjere det på ein forsvarleg måte, og vi vil vurdere aktsomheitsgrada til personen, seier operasjonsleiar Kai Henning Myklebust.

Artikkeltags