NRK snur etter kraftige reaksjonar – utvidar distriktssendingane

Artikkelen er over 2 år gammel

MEDIA: Distriktssendingane før Dagsrevyen blir forlenga frå fem til ti minutt.

DEL

Det melder statskanalen sjølv onsdag føremiddag.

– Vi har undervurdert den enormt sterke relasjonen delar av vårt publikum har til distriktssendingane våre på TV. Frå og med førstkommande måndag blir sendingane i forkant av Dagsrevyen justert opp frå fem til ti minutt. Samstundes held vi på den nye sendinga før Kveldsnytt. Dermed er den totale sendetida tilbake på samme nivå som før omlegginga, seier direktør for NRKs distriktsdivisjon, Grethe Gynnild-Johnsen til NRK.

Sterke reaksjonar

NRK har etter at dei reduserte sendetid for lokale nyheiter fått sterke reaksjonar frå mange sjåarar.

Kanalen la frå nyttår om til tre kortare distriktssendingar, grunna endra medievanar blant publikum, til dømes markant nedgong i sjåartala for lineær-TV.

Slik blir Vestlandsrevyen:

Vestlandsrevyen vart etter omlegginga kutta frå 13 til 4 minutt. I tillegg vart det sendingar på fem minutt klokka 20.55 og 22.55.

Etter snuoperasjonen frå NRK vil Vestlandsrevyen bli utvida til ti minutt frå klokka 18.50-19.00.

Artikkeltags