No er dei samde. Det blir nynorsk, Fylkesmannen blir i Sogn og namnet blir Vestlandet

Forhadlingane: Dersom det blir samanslåing blir nynorsk administrasjonsspråk. Og Fylkesmannen blir i Sogn, slik Jenny Følling og dei andre i forhandlingsutvalet har jobba for.

Forhadlingane: Dersom det blir samanslåing blir nynorsk administrasjonsspråk. Og Fylkesmannen blir i Sogn, slik Jenny Følling og dei andre i forhandlingsutvalet har jobba for. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Nynorsk blir administrasjonsmål om Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg saman. Det melder NRK Hordaland, som også melder at forhandlingane er over, og dei to fylka er samde om ein intensjonsavtale. Namnet på den nye regionen skal vere Vestlandet.

Dette er klart etter at forhandlingane om samanslåinga av dei to fylka starta måndag. Det er også bestemt at Fylkesmannen skal sitte i Sogn og Fjordane, og at kollektivtrafikken skal styrast frå Bergen. Avtalen som først vart forhandla fram i fjor haust, og der også Rogaland var med, dannar etter det Firda forstår grunnlag og utgangspunkt for det Hordaland og Sogn og Fjordane no har kome fram til.

Bergen blir som venta administrasjonssenter.

Hordaland og Sogn og Fjordane hadde sett av måndag og tysdag til forhandlingane. Dei to delegasjonane fann i føremiddag saman om eit framlegg til intensjonsplan, som vart handsama i plenum i eit møte som tok til klokka 13.15. Deretter skal avtalen signerast.

Firda kjem tilbake med meir.

Artikkeltags