Fylkesutvalet tilrår samrøystes å dele ut SFE-aksjar

FULL SEMJE: Advokatfirmaet Lund & Co, her representert ved Ulf Larsen (t.v) får brei oppslutnad i fylkestinget. På bildet elles ser vi fylkesrådmann Tore Eriksen og senterpartipolitikarane  Sigurd Reksnes, Jenny Følling og Gunn Sande.

FULL SEMJE: Advokatfirmaet Lund & Co, her representert ved Ulf Larsen (t.v) får brei oppslutnad i fylkestinget. På bildet elles ser vi fylkesrådmann Tore Eriksen og senterpartipolitikarane Sigurd Reksnes, Jenny Følling og Gunn Sande. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITIKK: Det var tverrpolitisk semje i fylkesutvalet om å trasse Hordalands protestar og overføre inntil 80 prosent av kraftaksjane i SFE til kommunane.

DEL

Dermed verkar det som at det kan gå mot tverrpolitisk semje når fylketstinget tysdag skal ta standpunkt til handteringa av Sogn og fjordane sine verdiar i Sogn og Fjordane energi AS.

Opplegget som kjem til å bli vedteke går ut på å overføre inntil 80 prosent av kraftaksjane, som fylkeskommunen har lagt inn i holdingselskapet Sogn og Fjordane Holding AS, til kommunane i fylket.

Ein krystallklar føresetnad er at det skal bli rettskraftig avgjort at overføringa ikkje løyser ut BKK sin forkjøpsrett til aksjane.

Hordaland har protestert kraftig mot aksjeutdelinga Sogn og Fjoradne heile tida har sagt kunne bli aktuell, men dette la fylkespolitikarane lite vekt på måndag kveld.

– Vi tergar på oss naboar i politiske parti i Hordaland. men eg trur vi skal løyse det også, sa Bjørn Hollevik (H).

– Vi får ta den politiske støyen i Hordaland. Om dei meiner at avtalen dei signerte var feil, får det vere deira problem, sa Aleksander Øren Heen (Sp)

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) følgjer opp:

– Vi skal ha eit godt klima med Hordaland. Men denne saka skal vi avgjere. Dette er ei viktig sak for oss. Det er det fleire politikarar i Hordaland som anerkjenner.

Fylkesrådmann Tore Eriksen meinte at kritikken frå Hordaland ikkje er rimeleg.

– Slik overføring av aksjar er gjort andre stader. Hordaland har godkjent intensjonsavtalen. Dessutan er det ikkje ein situasjon der Hordaland må brødfø oss. Vi vil ha ein rimeleg god økonomi også etter samanaslåinga, sa Eriksen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken