Kløyvd styre sa ja til fusjon

Høgskulen i fylket er på veg inn i vestlandsfusjonen. Dette er høgskuleavdelinga på Vie i Førde.

Høgskulen i fylket er på veg inn i vestlandsfusjonen. Dette er høgskuleavdelinga på Vie i Førde. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

HØGSKULEN: Med berre ei røyst i overvekt, gjekk styret inn for å bli ein del av Høgskulen på Vestlandet.

DEL

Med fem for, fem imot, og Jan Olav Fretlands røyst som avgjerande, valde høgskulestyret torsdag at Høgskulen i Sogn og Fjordane skal bli med i fusjonen som skal gi Høgskulen på Vestlandet, melder Sogn Avis.

– Dette er det vanskelegaste eg har vore borti, sa styreleiar Trond Ueland, etter det historiske vedtaket som no er eit faktum, i enden av ein lang og intens fusjonsstrid.

Tvilen rådde

Fretlands avgjerande ja kom ifølgje avisa etter eit møte med dei interne styremedlemene, der tvilen rådde, men der det vart semje om å gi Fretland «ein type fullmakt til å seie ja til fusjon».

Styremedlemene Ole Kleiven, Kari Kjenndalen, Anneli Nesteng, Hans Johan Breidablik og styreleiar Trond Ueland stilte seg positive til fusjon med Høgskulen i Bergen og Høgskulen i Stord/Haugesund. Oddmund Hoel og studentrepresentantane, Magnus Nordrum Brøste og Trine Ludvigsen Rygg, stod på sitt nei til fusjon. Også Åse Neraas og Inger Auestad røysta nei, medan Jan Olav Fretlands ja-standpunkt vart avgjerande.

Lærarutdanninga

Ifølgje Sogn Avis, vart lærarutdanninga, og dei nye krava om femårig master, eit sentralt tema i debatten. Rektor Rasmus Stokke meinte risikoen for å nå krava ville vere stor ved åleinegang. Fusjonsskeptikar Magnus Nordrum Brøste tykte rektoren dreiv litt svartmåling, og nei-mann Oddmund Hoel tykte åleinegang vart framstilt omtrent som dommedag.

Styreleiar Trond Ueland sa ifølgje avisa at Sogn og Fjordane no får høve til å vere med på å byggje ein av landets største høgskular, og at ein ikkje ønskjer å vere ein bachelor-høgskule.

Artikkeltags