Manglar over 13.000 studentbustadar

SET KRAV: Leiar for Norsk studentorganisasjon, Marianne Andenæs, håpar at regjeringa legg 3000 studentbustadar i statsbudsjettet for 2017.

SET KRAV: Leiar for Norsk studentorganisasjon, Marianne Andenæs, håpar at regjeringa legg 3000 studentbustadar i statsbudsjettet for 2017. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

UTDANNING: Likevel er det den høgste dekningsgraden sidan 2008.

DEL

Berre 0,27 prosent fleire studentar vil kunne bu i studentbustadar i år enn i 2015. Det syner Norsk studentorganisasjons studentundersøking.

I år er dekninga av studentbustadar på 14,81 prosent, men Norges studentorganisasjon (NSO) meiner at studentbustadar ikkje samsvarar med auken i studieplassar. 91.000 søkjarar fekk tilbod om studieplass i år. Det er 2700 fleire enn i 2015.

Pressa leigemarknad

– Dess færre som har tilgang på studentbustad, dess større vert presset på den private leigemarknaden. Vi er redd endå fleire studentar må velje deltidsjobbing på kostnad av studietid for å få endane til å møtast, seier leiar i NSO, Marianne Andenæs i ei pressemelding.

NSO har som mål at 20 prosent av studentane i Norge skal kunne bu i studentbustad. Trass i at det vart bygd rekordmange studentbustadar i 2015, syner undersøkinga at det framleis manglar kring 14.000 bustadar for å nå dette målet. NSO krev difor at regjeringa legg 3000 studentbustadar i statsbudsjettet for 2017.

Over landssnittet

– Vi håpar regjeringa tek det neste steget i haustens budsjett, og innfrir studentane sitt krav om 3000 nye studentbustadar årleg, slik at fleire studentar får ein trygg bustadsituasjon og kan bruke meir tid på studiane, seier Andenæs.

Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane har 607 hybeleiningar, noko som utgjer ein dekningsgrad på 16,34 prosent mot fjorårets 11,86 prosent. For å nå målet om 20 % dekningsgrad i vårt fylke, er det behov for 136 fleire hybeleiningar.

Studentsamskipnaden i Hedmark har lågast dekningsgrad med 7,68, medan Bergen nest lågast med 12,34 prosent.

Artikkeltags