Fersk førar mista lappen

Artikkelen er over 2 år gammel

SOGN OG FJORDANE: Ved ein fartskontroll i Florø tysdag kveld, miste ein 18-årig bilførar førarkortet.

DEL

18-åringen hadde 6 prikkar før tysdagens fartsmåling, og når du er fersk sjåfør får du dobbelt så mange prikkar, seier operasjonsleiar Kai Henning Myklebust på operasjonssentralen.

Dobbelt straff

– 18-åringar er farlegare i trafikken, og får dermed dobbelt straff om dei køyrer for fort. Ein person som ikkje har prøvetid kan få tre prikkar for for høg fart, og ein person med prøvetid får dobbelt opp, seier politioverbetjent Synnøve Domben.

Har ein 8 prikkar totalt, så blir ein automatisk meld til politiet.

– Dette er ein sum av fleire misferder, men han har nok køyrt for fort før denne gongen, og fått eit førelegg. Du kan ikkje miste førarkortet første gongen, seier politioverbetjenten.

Operasjonssentralen har ikkje høve til å gje informasjon om farta til 18-åringen, og dei tidlegare førelegga hans på dette tidspunktet.

Artikkeltags