Få journaliststudentar brukar nynorsk

Av

Det blir utdanna om lag ti nynorskskrivande journalistar ved dei seks journalistutdanningane ved universiteta og høgskulane i landet. Det viser ei rundspørjing Framtida.no har gjort.

DEL

– At det blir utdanna så få nynorskskrivande journalistar ved journalistutdanningane er overraskande, skuffande og alvorleg, seier generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser til Framtida.no.

Slik situasjonen er no, blir det utdanna fleire nynorskbrukande journalistar ved dei to praktiske utdanningsstadene i Førde i Sogn og Fjordane enn i resten av landet. Ved NRK Nynorsk mediesenter er det til no utdanna 150 nynorskpraktikantar gjennom opplæring og praksis i NRK. 57 prosent av dei har fått seg jobb.

Leiar for Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten meiner talet hadde vore høgare om redaktørane som tilset journalistar var meir medvitne på å rekruttera nynorskbrukarar. Ho meiner likevel det ser ut til at ein ny generasjon redaktørar i dag er meir opne for nynorsk.

Artikkeltags