Pust ut – du skal framleis sleppe å betale parkeringsavgift her

FSS: Det er klare reglar for parkeringa ved Førde sentralsjukehus, men inga avgift for å setje bilen der.

FSS: Det er klare reglar for parkeringa ved Førde sentralsjukehus, men inga avgift for å setje bilen der. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

HELSE FØRDE: Du skal framleis få parkere gratis ved Førde sentralsjukehus og dei andre behandlingsstadane – i alle fall inntil vidare.

DEL

I jakta på inntekter og innsparingar har leiinga i Helse Førde også hatt i tankane å innføre parkeringsavgift ved behandlingsstadane sine. No er framlegget lagt til side. Konstituert administrerande direktør Børge Tvedt har ikkje dette grepet med blant tiltaka styret i Helse Førde skal ta stilling til fredag.

– Administrerande direktør gjer ikkje framlegg om å innføre parkeringsavgift i denne omgang, heiter det i budsjettframlegget styret får på sitt bord.

Føretaksleiinga skriv at det er gjort ei førebels utgreiing som viser at Helse Førde kan ha overskot på innføring av parkeringsavgift ved behandlingsinstitusjonane sine på mellom 500.000 kroner og ein million kroner i året.

– Det beste argumentet for innføring av parkeringsavgift er miljøaspektet, då parkeringsavgift truleg vil føre til at færre tilsette og pasientar nyttar privatbil til sjukehus, skriv administrerande direktør Børge Tvedt – før han konkluderer med at han ikkje vil foreslå slik avgift i denne omgang.

Flora og Sogndal er dei einaste av vertskommunane til Helse Førde som har parkeringsavgift i dag. Det er berre i tilknyting til poliklinikken i Florø at pasientar i dag må betale for parkering.

Artikkeltags