Kasse med blod vart ståande i Narvesen-kiosk

NARVESEN: Bussjåføren plasserte ei kasse med blod inne på Narvesen-kiosken og reiste vidare.

NARVESEN: Bussjåføren plasserte ei kasse med blod inne på Narvesen-kiosken og reiste vidare. Foto:

FØRDE: Det vart forviklingar, då blodbanken ved Sentralsjukehuset skulle få nytt blod tilsendt frå ein annan blodbank.

DEL

Episoden skjedde i førre månad, og er eitt av fleire døme på uønskte hendingar leiinga i Helse Førde har rapportert inn til styret.

Bakgrunnen er ein situasjon der blodbanken i Førde mangla blod, og skulle få sendt over blod frå ein annan blodbank. Dette blodet vart sendt med bussen, og det vart bestilt drosje for å frakte det frå busstasjonen til sjukehuset.

– Men då bussen kom til Førde, møtte ikkje drosja opp. Bussen skulle vidare, så bussjåføren plasserte kassa inne på Narvesen-kiosken og reiste vidare, skriv leiinga i månadsrapporten som torsdag vart lagt fram på styremøtet i helseføretaket.

Ved Sentralsjukehuset tok laboratoriet til å etterlyse kassa, og fann ut at den var plassert inne på Narvesen ved bussterminalen til Firda Billag.

Dermed måtte dei få tak i ei drosje som kunne hente nokon som kunne låse opp kiosken – og få drosja til å køyre til sjukehuset med blodet.

– Blodet kom til slutt fram i god tilstand, og kunne bli brukt til pasientar, skriv leiinga om hendinga som ikkje fekk nokon alvorlege konsekvensar, men som no blir rapportert som døme på ting ein ønskjer å unngå.

Artikkeltags