Mann frakta til Førde sentralsjukehus i luftambulanse

Artikkelen er over 2 år gammel

VIK: Bevisstlaus etter fall på jobb.

DEL

Ein mann skal ha falle ned frå ein lastebil i Vik. Ifølge politiet var mannen medvitslaus etter arbeidsulykka. Fallulykka har skjedd i samband med lossing av varer, opplyser politiet.

– Politiet avhøyrer vitne på staden, og vi har førebels ikkje fått tak i personalia på mannen. Han vart sendt med luftambulanse mot Førde sentralsjukehus litt før klokka 12, seier Trond Hatlenes, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt Sogn og Fjordane.

Ambulanse, lege og luftambulanse rykte ut til staden.

Klokka 15.00 melder Helse Førde at mannen er lettare skadd.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags