Kvinne framleis hardt skadd etter sykkelulykke

Sykkelulykke på riksveg 5 ved Eikefjorden. Ni syklistar frå Flora cykleklubb involverte. Ein alvorleg skadd

Sykkelulykke på riksveg 5 ved Eikefjorden. Ni syklistar frå Flora cykleklubb involverte. Ein alvorleg skadd Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Etter sykkelulykka ved Eikefjord søndag

DEL

Kvinna (41) som vart frakta til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse etter ei sykkelulykke ved Eikefjordsøndag er framleis hardt skadd.

Det opplyser leiaren i Flora CK, Jens Petter Kjelsnes, til Firda

Haukeland opplyste i ei pressemelding måndag at kvinna var lettare skadd, men det viser seg at dette ikkje er korrekt.

- Vi må beklage, men det har skjedd ein glipp. Pasienten er alvorleg skadd, seier Ragnhild Olsen i kommunikasjonsavdelinga til Haukeland.

Firda beklagar at vi har formidla informasjon som synte seg å vere feil.

Ein 51 år gammal mann ligg framleis på Førde sentralsjukehus med brotskadar etter ulykka der fire syklistar blei skadde. 

Artikkeltags