Østerbø Maskin leverer naudstraum til nye Haraldsplass sjukehus

NAUDSTRAUM: Sjukehuset har fått ein trygg og toppmoderne løysing for naudstraum frå Østerbø Maskin.

NAUDSTRAUM: Sjukehuset har fått ein trygg og toppmoderne løysing for naudstraum frå Østerbø Maskin.

HØYANGER: Østerbø Maskin AS har levert løysing for naudstraum til nye Haraldsplass diakonale sjukehus i Bergen.

DEL

– Dette har vore eit viktig prosjekt for oss, seier salsingeniør Magne Halland hos Østerbø i ei pressemelding.

Selskapet har levert eit komplett anlegg med dieseltank, eksosanlegg, lyddemping og kjølesystem for aggregatet. Anlegget leverer straum til sjukehuset på under 15 sekund ved feil, og kan forsyne det med over 24 000 kilowatt i døgnet.

– Naudstraum på helseinstitusjonar stiller strenge krav til responstid, levering, støy og vibrasjon. Her er det avgjerande for liv og helse at alt fungerer som det skal til ei kvar tid, seier Halland vidare, og gratulerer Haraldsplass diakonale sjukehus med nytt sengebygg.


Artikkeltags