Dette viser fersk forsking frå ASK (ACTIVE Smarter Kids), som følgde 1200 femteklassingar i Sogn og Fjordane i skuleåret 2014–2015.

Forskarane har brukt 30 millionar kroner for å undersøke om auka fysisk aktivitet i samspel med dei tradisjonelle skulefaga påverkar læring, trivsel og helse.

Resultatet viste at elevar som slit med matematikk, blir betre i faget når undervisninga blei flytta ut av klasserommet.

Dette melder Senter for helseforsking i Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Fysisk heimelekse

Gjennom forskinga blei fysisk aktivitet brukt som eigen læringsmetode i fleire av skulefaga. Dette blei mellom anna gjort ved mattebingo og stafettar. I tillegg blei det meir aktivitet inne i klasseromma, og i heimelekse fekk elevane også oppgåver som til dømes bestod av å springe rundt huset sitt nokre gonger.

Det var også ei kontrollgruppe med i forskinga der halvparten av elevane ikkje deltok på den fysiske aktiviteten som medelevane gjorde i undervisninga. 

– Skilnaden var at ungane vi studerte, fekk 90 minutt meir fysisk aktivitet på skulen i veka enn resten, pluss fem minutt kvar dag der dei var aktive i klasserommet, seier prosjektkoordinator Geir Kåre Resaland i pressemeldinga.

Resaland understrekar at aktivitetane i skulegarden var fagleg kopla til undervisninga som føregjekk i klasserommet.

Viste stor framgang på nasjonale prøver

For å finne ut om elevane som var meir fysiske i undervisninga gjorde det betre i dei teoretiske skulefaga, såg forskarane på resultata på dei nasjonale prøvene.

Matematikk var eitt av dei faga dei fokuserte på. I tillegg har dei også sett på kva tilbakemeldingar femteklassingane sjølv gir om trivsel, og dei målte kor aktive elevane har vore gjennom aktivitetsmålarar.

Forskarane dokumenterte at elevane som strevde mest med rekning, viste stor framgang på nasjonale prøver i rekning i løpet av forsøket.

Forskarane forklarar funnet med at dei svakaste elevane kan ha spesielt stort utbyte av å vere i aktivitet når dei skal lære.

– Barn lærar på ulike måtar. Vi har auka kunnskapen om ein av desse måtane – å lære medan ein er fysisk aktiv, seier Resaland i pressemeldinga. 

Ved Vassenden skule såg lærarane tydeleg at den fysiske aktiviteten påverka elevane:

– Vi opplevde at medan dei som var gode i matte vart engasjerte av faget, fekk dei som var mindre flinke i matte innpass fordi dei var viktige for laget, forklarer Anne Cecilie Kapstad, rektor ved skulen.

Gjorde det ikkje betre på skulen samla sett

Forskarane greidde ikkje å slå fast at elevane samla sett gjorde det betre på skulen gjennom aktive læringsformer.

– Noko av forklaringa ligg truleg i at kontrollgruppa var like fysisk aktive som forsøksgruppa, seier professor Sigmund A. Anderssen ved Noregs idrettshøgskole, som har vore prosjektleiar for ASK-studien.

Elevane i kontrollgruppa hadde også aktivitetsmålar og var omtrent like aktive som deltakarane i forsøket. Nettopp det at folk i Sogn og Fjordane er mindre råka av den passive livsstilen elles i landet, gjer fylket vårt til eit farleg forsøksfylke, ifølge pressemeldinga.

– Dette var truleg hovudgrunnen til at det ikkje let seg gjere å dokumentere nokon skilnad i skuleprestasjonar for elevane under eitt, seier Resaland.

Sjølv om forskinga snart er avslutta, vil likevel nesten alle skulane som deltok i forsøket, gå vidare med dei fysisk aktive læringsformene. 

I tillegg vil fagmiljøet halde fram med å forske på temaet, noko Resaland er svært glad for.

ASK er eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), Helse Førde, Noregs idrettshøgskole, dei fire skuleregionane i Sogn og Fjordane og kommunane i fylket. I tillegg kjem nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar.