Færre gravide røykjer under svangerskapet

Av

Dei siste 20 åra har omfanget av gravide som røykjer under svangerskapet gått ned frå 23 prosent til rundt 3 prosent.

DEL

Det viser tal frå Medisinsk fødselsregister. Statistikken viser òg ein kraftig reduksjon frå byrjinga av eit svangerskap til slutten.

I fjor var det 55.059 fødslar i Noreg. I byrjinga av svangerskapet røykte 1.363 kvinner dagleg, noko som svarer til 2,7 prosent. Av desse røykte berre 804 (1,6 prosent) dagleg i slutten av svangerskapet.

Går vi tilbake til 1999 var tala høvesvis 22,7 prosent og 16 prosent, melder Folkehelseinstituttet.

Det er kvinner under 20 år som røykjer mest medan dei er gravide, men også dette talet har gått kraftig ned sida 1999.

Gravide kvinner kan seie nei til å gi opplysningar til fødselsregisteret, men i 2018 sa 90,7 prosent av dei ja til å gi opplysningar.

Artikkeltags