Vi kjøper nasespray som aldri før

HØGT FORBRUK: Aldri før har nordmenn kjøpt og brukt meir nasespray. Sidan 1999 er talet dobla.

HØGT FORBRUK: Aldri før har nordmenn kjøpt og brukt meir nasespray. Sidan 1999 er talet dobla. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

HELSE: Av 6 millionar flasker med nasespray vi kjøpte i 2017, vart sju av ti kjøpt utanom apotek. Aldri før har folk kjøpt så mykje nasespray som i fjor.

DEL

Nasespraysalet målt i talet på dosar auka med heile 11 prosent frå 2016 til 2017, viser Folkehelseinstituttets tal for salet av reseptfrie legemiddel. Salet av nasespray er dobla sidan 1999.

Ifølgje Folkehelseinstituttet påverkar sesongvariasjonar av influensa og pollenallergi salet.

– Pollenspreiinga starta tidlegare enn normalt i 2017 på grunn av ein mild vinter. Dette kan ha medverka til at auken i 2017 var større enn tidlegare, opplyser seniorrådgjevar Solveig Sakshaug i Folkehelseinstituttet.

Sakshaug åtvarar mot overdriven bruk av nasespray og understrekar at nasespray berre skal brukast i avgrensa periodar – maksimalt ti dagar i strekk.

– Nasespray lindrar raskt symptoma, men bruk over lengre tid kan blant anna føre til vedvarande tett nase, åtvarar ho.

Også for nikotinhaldige legemiddel og allergimedisin var det kraftig salsvekst i fjor. Målt i dosar auka salet av røykjeavvenningspreparat med 7 prosent, mens reseptfrie allergitablettar auka med 8 prosent i fjor.

Det vart selt 9 millionar pakker med reseptfri paracetamol i 2017, men salet gjekk ned med 1 prosent. I snitt kjøpte likevel kvar innbyggjar nesten to esker med 20 tablettar i fjor. Salet av reseptfrie pakker med ibuprofen auka med 1 prosent, målt i dosar.

Artikkeltags