Trur mange vil bli sjuke med influensa i jula

Influensatoppen kjem turleg først på nyåret.

Influensatoppen kjem turleg først på nyåret. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Det er influensautbrot i fem fylke, deriblant Sogn og Fjordane. Toppen blir trulig nådd først over nyttår.

DEL

– Det er framleis låg aktivitet, men utbrotet har starta og er aukande, seier Ragnhild Tønnessen, seniorrådgjevar i Folkehelseinstituttet, til BA.

Dei andre fylka er Hordaland, Oslo, Akershus og Telemark.

– Erfaringsmessig ser vi at toppen ofte kjem anten ved jul og nyttår, eller i vinterferien. I år trur vi toppen blir ein gang i januar. Vi ser at det ofte går fort når utbrotet er i gang, seier Tønnessen.

Ho understrekar at dette blir overvaka frå veke til veke.

– Ein del vil nok bli influensasjuke i jula, men truleg ikkje så mange som blei sjuke under jula i fjor.

Ikkje for seint å vaksinere seg

Typiske symptom på influensa er feber, hoste, muskelverk og hovudpine. For å redusere smittespreiing er det dei tradisjonelle råda, som god handhygiene og å hoste og nyse i olbogekroken, som gjeld.

– Alle kan bli sjuke, men vi er særleg bekymra for eldre og dei som er i risikogruppa, seier Tønnessen.

Ho opplyser at det enno ikkje er for seint å vaksinere seg.

– Det tar eit par veker før vaksinen gir beskyttelse, men vi anbefaler likevel personane som høyrer til risikogruppene å ta den. Sannsynet for å bli smitta før vaksinen verkar aukar berre i vekene framover, så det gjeld å skunde seg, oppfordrar ho.

I risikogruppa finn vi eldre, personar med underliggande sjukdommar, bebuarar i omsorgsbustadar og sjukeheimar og personar med nedsett immunforsvar. Helsepersonell oppfordrast også til å vaksinere seg.

Pasientar isolerast

På Haukeland sjukehus har det så langt berre sporadisk vorte innlagt pasientar med influensa.

– Det er låg aktivitet, som i resten av landet. Det er vanskeleg å spå framover, men mykje tydar på at sesongen ikkje startar for fullt før etter nyttår, seier smittevernoverlege Dorthea Hagen Oma ved seksjon for pasientsikkerheit på Haukeland sjukehus.

Pasientar blir isolert når dei blir innlagt med influensa ved sjukehuset.

Artikkeltags