Sterk auke i sjukdomstilfelle etter smitte av flåttvirus

Av

Det har vore ein kraftig auke i talet på sjukdomstilfelle hos folk som har vorte smitta av flåttviruset, ifølgje NRK.

DEL

Aldri før har så mange vorte sjuke etter å ha fått flåttvirus som i år. Viruset kan føre til alvorleg infeksjon i sentralnervesystemet, og kan ikkje behandlast. Det finst derimot ein vaksine mot viruset, melder kringkastaren.

Berre ved sjukehuset i Telemark er det i år registrert tolv tilfelle, mot ni i fjor. Tidlegare har talet på sjukdomstilfelle lege mellom null og tre. Flåttviruset er berre påvist langs kysten av Telemark, Buskerud, Vestfold og Agder.

– Dei pasientane vi ser, er gjerne dei som får kraftig hovudverk og høg feber. Enkelte kan få lammingar med balanseproblem, seier overlege Hilde Skurdal.

Folkehelseinstituttet skal no sjå nærare på utviklinga og undersøke om det dreier seg om ein ny trend eller om auken berre er mellombels.

Artikkeltags