Regjeringa gir 10 millionar ekstra til hjelpetelefonar for sjølvmordsførebygging

Av

Hjelpetelefonane for sjølvmordsførebygging her i landet har vorte ringt ned etter Ari Behns bortgang. No styrkjer regjeringa tilbodet med 10 millionar kroner.

DEL

Med bakgrunn i den auka pågangen på hjelpetelefonar for sjølvmordsførebygging den siste tida, aukar regjeringa løyvinga til Kirkens SOS og Mental Helse med 10 millionar kroner, opplyser Helse- og omsorgsdepartementet måndag.

Får ikkje svart alle

Både Mental Helse og Kirkens SOS har varsla at pågangen på hjelpetelefonane deira har vore så stor etter Ari Behns bortgang, at dei ikkje får svart meir enn rundt 60 prosent av dei som ringjer.

– Eg er veldig glad for den innsatsen som både frivillige og tilsette legg ned i dei ulike hjelpetelefonane våre og chat-tenester. For mange er det ein tryggleik å vite at nokon er der for å lytte når det trengst. Hjelpetelefonane melder at dei ikkje får svart alle som ringjer inn, derfor ønskjer vi no å styrkje dette tilbodet, seier helseminister Bent Høie (H).

Løyvingane til Mental Helses hjelpetelefon vil dermed auke til totalt 24,8 millionar kroner, medan løyvinga til Kirkens SOS aukar til 25 millionar kroner.

– Må få hjelp når dei treng det

Høie ber samtidig Helsedirektoratet så raskt som mogleg om å gå ut med ny og oppdatert informasjon om kvar menneske som har sjølvmordstankar, eller som er bekymra for andre, kan søkje hjelp.

– For å hindre at menneske tar sitt eige liv, må vi sørgje for at dei som slit, får hjelp når dei treng det. Derfor vil vi no synleggjere ytterlegare der ein kan få hjelp. Det kan vere å ringe legevakta på telefon 116 117, ein hjelpetelefon, eller å kontakte fastlegen sin. Det er hjelp å få, seier Høie.

Regjeringa arbeider òg med ein ny handlingsplan for førebygging av sjølvmord.

Artikkeltags