Over 1 milliard utbetalt til feilbehandla pasientar og pårørande i 2019

Av

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) utbetalte 1.074 millionar kroner til pasientar og pårørande etter feilbehandling i 2019.

DEL

Det er den største summen som har vorte utbetalt i erstatningar på eitt år og ein auke på 6 prosent frå 2018.

Sakshandsamingstidene har vorte reduserte samanlikna med tidlegare år, noko NPE seier dei har jobba målretta med å få til. Dei fekk 5.696 nye saker i 2019.

Den største delen saker gjeld medfødde misdanningar og sjukdomar, saker som gjeld såkalla ortopedisk behandling. Deretter følgjer saker knytt til kreftsjukdomar.

Sidan pasientskadeordninga vart starta i 1988, har over 28.000 pasientar og pårørande vorte tilkjende erstatning på til saman 15 milliardar kroner.

Artikkeltags