No er det dyrare å gløyme legetimen

BLIR DYRARE: Frå nyttår auka straffegebyret for ikkje å møte opp til legetimen med 350 kroner.

BLIR DYRARE: Frå nyttår auka straffegebyret for ikkje å møte opp til legetimen med 350 kroner. Foto:

Av

Frå 1. januar auka straffegebyret for å ikkje møte opp til avtalt legetime, frå 700 kroner til 1050 kroner. Dermed kostar det tre gonger så mykje å gløyme legetimen, som det gjer å møte opp.

DEL

21.000 legetimar ved poliklinikken ved Stavanger universitetssjukehus stod ubrukt i 2019, som følgje av at pasientar ikkje møtte opp til avtalt legetime, skriv NRK.

– Det betyr at lokale og utstyr ikkje blir utnytta godt nok, at helsepersonell ikkje får brukt tida som planlagt og at ressursar som er sett av til for eksempel røntgen ikkje blir brukt. Samla sett inneber dette eit stort samfunnsøkonomisk tap, seier Anne Grethe Erlandsen, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet til kanalen.

Trass i tiltak som påminning på sms og at det har blitt enklare å endre timeavtale, er det kvart år 200.000 timar der pasientar ikkje har møtt opp til avtalt legetime.

No håper regjeringa at tal ubrukte legetimar vil gå ytterlegare ned.

– Føremålet er å bidra til at alle timeavtalar blir brukte slik at andre pasientar slepp å vente unødvendig lenge, seier Erlandsen.

Endringa gjeld ikkje for pasientar innanfor psykisk helsevern og rusbehandling.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken