Danskane betre verna mot HPV enn nordmenn

Av

Danske jenter og kvinner er betre verna mot følgjene av HPV-smitte enn dei norske, indikerer funn frå ein ny studie. Forklaringa ligg i breiare vaksinasjon.

DEL

Ein fersk studie publisert av Science Direct viser at færre kvinner og menn blir ramma av kjønnsvorter i både Danmark og Noreg, men at nedgangen er betydeleg større i Danmark.

– Dette er eitt av dei første teikna på kor godt HPV-vaksinen verkar i befolkninga, og det er òg tydeleg at Danmark har hatt god effekt av å vaksinere fleire aldersgrupper samtidig, seier forskar og overlege Mari Nygård ved Kreftregisteret. Ho er òg ein av forfattarane bak studien.

Gratis tilbod

Studien samanliknar førekomst av kjønnsvorter i Danmark og Noreg i 2015, seks år etter at HPV-vaksinen vart eit gratis tilbod til tolv år gamle jenter.

Både Noreg og Danmark innførte gjennom barnevaksinasjonsprogrammet i 2009 HPV-vaksinen Gardasil, og denne vart tilbode til tolv år gamle jenter. Danmark innførte i tillegg tidleg såkalla innhentingsvaksinering, der fleire aldersgrupper fekk moglegheit til å vaksinere seg samtidig. Noreg venta til 2016 før eldre jenter fekk gratis vaksine. Det er denne forklaringa forskarane peikar på som grunnen til mindre førekomst av kjønnsvorter i Danmark.

– Gledeleg

– Vi ser at norske jenter og kvinner ikkje er like godt verna mot følgjene av HPV-smitte som dei danske, seier Nygård.

Ho legg til at ho trur førebygginga av HPV-relaterte sjukdommar i Noreg ligg minst eit tiår bak Danmark, men understrekar samtidig at det er gledeleg å sjå at førekomsten går ned i begge land – noko som tyder på at vaksinen er effektiv.

Vaksinen er retta mot viruset HPV, forkorting for humant papillomavirus. Det er ei stor gruppe virus som består av meir enn 100 ulike typar. Nokon av desse medfører vorter på fingrar og tær, men cirka 40 smittar gjennom seksuell kontakt. Vaksinen reduserer risiko for utvikling av livmorhalskreft og annan HPV-relatert kreft.

Artikkeltags